Skip to content

Jordsirkel (EarthCircle)

Connecting to Mother Earth

Menu
  • Blog
  • Contact us
  • Om Finn
  • Welcome to EarthCircle
Menu

Om Finn

“Følg ein sti, kor smal og krokete den enn er, som du kan gå med kjærleik og ærefrykt.” (Opprinneleg tekst: “Pursue some path, however narrow and crooked, in which you can walk with love and reverence.”)
Henry David Thoreau

Når eg starta å søkje for meg sjølv var eg ikkje klar over kor mykje det ville ta av energi og tid å finne min sti.

Eg har alltid hatt ein indre søken etter å lære meir om meg Sjølv og utforske kven eg er. Må sei at eg har vorte både skuffa og glad etter som åra har gått og eg har lært meir om meg Sjølv. Men etter som eg har blitt eldre har eg også lært at det er ein del ting som ein ikkje skal kimse av. Det som eg fant viktig er å forstå at det er mennesket som bestemmer om det skal vere ei gåve eller ein belastning når ein oppdagar nye sider ved ein sjølv.

På eitt eller anna tidspunkt kom eg over eit par bøker om komplementær (alternativ) medisin, og forskning på komplementær medisin som hadde blitt publisert. Forskning må i denne samanhengen (og slutten av 1980-talet) tolkast som forskarars personlege oppfatning og kommentarar om komplementær medisin. Så vidt eg kunne skjønne hadde ingen av dei faktisk prøvd eller arbeidt med det. Det var først nokre år seinare eg fant verkeleg forskning på det området.

Etter at eg hadde lest meg gjennom det eg fant om komplementær medisin, gjekk eg over til å vere med på forskjellige kurs om bruk av stemma, uttrykkje meg gjennom “teikning/maling”, meditasjon, healing og sjølv utvikling etc. Ei litt morsom hisotrie er når eg var på mitt første kurs i healing. Eg hadde ikkje tenkt å gå på det i det heile tatt, men bestemte meg i siste liten for å ta det berre for å gjennomføre den serien av kurs som eg hadde starta på. Vi hadde ein enkel innføring i kva healing er og valde ein partnar. Den andre personen la seg ned på benken og eg heldt handa over magen på vedkomande. For ein som var skeptisk til å begynne med må eg sei at det kom ein liten brist i den skepsisen når personen på benken begynte å bemerke at det vart litt heitt i mageregionen. Men eg tenkte at det var sikkert innbilning. Men når magen begynte å “preike” og personen sa at det brukte magen hans aldri å gjere, så vart den bristen litt større.

Ingen av desse kursa kjendes riktige for meg (men mange andre hadde stort utbytte av dei) før eg møtte Imre Kerner frå Tyskland. Han vart min viktigaste lærar og inspirerte meg også til å lære frå nokre av hans eigne lærarar. Gjennom han og hans/mine lærarar lærte eg mykje meir om det å vere sensitiv til energi og til det som er rundt meg. Spesielt kursa med Hyemeyohsts og Swan Storm i England forandra perspektivet mitt på Livet.

I 2002 høyrde eg om ei kvinne med namnet Wynd og i 2005 vart vi gift og eg flytta til USA.

Det var her i California at eg hadde min Vision Quest. Det er ikkje nokon god oversetjing til norsk som eg veit om. Men kort forklart er det ein seremoni der du ber. For meg var det 4 dagar der eg var ute i naturen utan mat og drikke. Du har ei/ein som fungerer som vakt, men det er ein seremon der ein ber og fokuserer på spirituelle spørsmål som ein har. Det er viktig å vere klar over at alle seremoniar er forskjellige frå kvarandre i den disiplinen som eg studerer i. Det er aldri to som er like ettersom dei blir tilpassa den som søkjer. For meg var det ei veldig god oppleving med nær kontakt med dei vekstane og dyra som var rundt meg. Og eg hadde eit minutt med det svaret som eg søkte.

Etter det har eg arbeidt med å integrere og lære om dei forskjellige delane av meg Sjølv. For meg er det å vere her på Jorda ein læreprosess der alt kan gje ein innsikt i kven ein er. Av og til gjennom fokusert meditasjon på eit område i livet, men like ofte kan det vere gjennom det som blir sagt til meg i ein samtale.

Recent Posts

    Recent Comments

    No comments to show.

    Archives

    No archives to show.

    Categories

    • No categories
    © 2026 Jordsirkel (EarthCircle) | Powered by Superbs Personal Blog theme